LOKALHISTORIE FRÅ HJELLVIKKRINSEN PÅ OSTERØY

På sørsida av Osterfjorden, på ein fjellrygg 226 m. o. h. mellom Hjellvik og Raknes, ligg den no fråflytta fjellgarden Tirevoll. Ifylgje Osterøy Bygdebok skal garden ha vore rydda alt på 12-1300-talet som fylgje av den folkeauken som då skjedde. Men så kom Svartedauden i 1350… 

Svartedauden reduserte folketalet i Noreg med kring 2/3. Eventuelle overlevande frå utkantsgardar som Tirevoll må då ha trekt ned att i dei større bygdene som no mangla folk. Dermed forfall gardane att og vart til slutt liggjande øyde. Då folketalet steig att på 1500-talet og det på nytt vart dårleg med plass rundt om på bygdene vart så mange av desse gardane rydda og tekne i bruk att. I vår krins inkluderte dette, ifylgje bygdeboka, ikkje berre Tirevoll, men òg Horsås, Mosevoll, Nordre Håland og Fugledale. Alle desse bruka stammar altså då, ifylgje Osterøy Bygdebok, opprinneleg frå 12-1300-talet, dvs. høgmellomalderen.

Garden eg vil konsentrera meg om her er altså Tirevoll, eller rettare folka på Tirevoll,  dei som sidan garden vart rydda på nytt kring 1590 har oppretthalde liv og heim i kampen mot desse forfallskreftene. Hovudsaka for meg her er altså dei individuelle lagnadene og slektsrelasjonane som er involverte slik desse er dokumenterte i ulike kjelder (ei kjeldeoversikt er teken med på slutten). Men knytt til dette vil eg i margen og fotnotar også notera litt av det som skjer i samfunnet kring dei.

Det viste seg at emnet naturleg ordna seg i 10 bolkar/delar ut frå dei viktigaste brukarskifta som skjedde.  Kvar av desse bolkane vil då her få si eiga underside. I linkane til venstre er bolkane nummererte og gjevne namn etter brukarfamiliane (brukarane i parantes) slik dei avløyste kvarandre frå ca. 1590 (øverst) til vår tid (nederst). Det er følgeleg berre å klikka seg gjennom linkane ovanfrå og nedover (eller klikka på «pilen» på kvar side) for å få ei kronologisk oversikt over folka som opp gjennom tida har budd på Tirevoll og liva deira i korte trekk. I to «etterord» under desse bolkane vil eg så fortelja litt meir om kva som skjedde etter at den siste brukaren, Nils Bastesen, selde garden i 1953, samt gardens status i dag. 

Bakerst er det lagt inn ei eiga biletside. God lesning!

Nettsida er sist oppdatert 26. september 2025