LOKALHISTORIE FRÅ HJELLVIKKRINSEN PÅ OSTERØY

1. NYRYDDARANE

Ut frå granskinga Geir Kleiveland presenterer i Osterøy Bygdebok vart Tirevoll, som nemnd, rydda allereie under folkeauken på 12-1300-talet for så å verta liggjande aude etter 1350. I og med ein ny folkeauke på 1500-talet, samt innføringa av gunstige vilkår for nyrydding av øydegardar, m. a. ein svært låg skatt som vart kalla "frelse", vart så Tirevoll rydda på nytt og teken i bruk att sist på 1500-talet. I 1590 er nemleg garden registrert som betalar av denne skatten. Namnet på betalaren er derimot ukjent.

Det huset som vart bygd på Tirevoll i denne tida må truleg ha vore ei røykomnstove ettersom denne hustypen byrja å koma i stadan for årestova utover på 1500-talet. Hovudskilnaden var at den opne åren midt i stova vart bytta ut med ein steinomn i eine hjørna (jf. margnotat i del 3).

Tirevollsgarden var då, liksom dei aller fleste gardar på denne tida (i Hjellvikkrinsen gjaldt det alle), eigd av kongen, embetsmenn, kyrkja eller andre høgare samfunnsklassar og leigd ut (bygsla) til allmugen (bygslarar/brukarar/leiglendingar).

Den fyrste Tirevollsbonden nemnd med namn etter 1590 var MONS, og han vart registrert her i 1610/1611. Mest sannsynleg er vel dette òg nyryddaren. Mellom 1613 og 1640 er det derimot ein JETMUND som er brukar. Om han er i slekt med Mons er uvisst. 

Mellom alle som var knytt til Tirevoll i denne etableringstida er det to andre som òg er nemnde: Mellom dei 108 ostringane som var med i Kalmarkrigen* var det 7 frå Hjellvikkrinsen og ein av desse heitte HALVOR og kom frå Tirevoll. I 1618 er det òg nemnd ein MIKKEL her, under rubrikken "husmenn, øydejordsmenn og drenger for full løn».

Elles kan det nemnast at det var i denne perioden at den danske kongemakta for alvor byrja å byggja ut administrasjonsnettet sitt i Norge, inkludert system for registrering av gardar, personar og verdiar. Så det er takka vere dette at me frå no av får stadig større informasjon om saker og ting i landet vårt (Tingbøker vert skrivne frå 1633, pantebøker frå 1643 og i Hamre byrjar ein å skriva kyrkjebøker frå 1677).

REFORMASJON + UTBYGGING AV EIT DANSK KONTROLLAPPARAT 

I samband med reformasjonen i 1537 tok danskekongen kontroll over alle katolske verdiar i Noreg. Samstundes oppløyste han det norske riksrådet og byrja å innføra eit strengt embetsverk. Lensherren i Bergenhus len vart øvste makta på Vestlandet og hadde 11 futedøme under seg som igjen var delte inn i skipreider. I kvart av futedøma var der ein fut og ein sorenskrivar som 2-3 gongar for året vart rodd rundt for å halda bygdeting i futedømet sine skipreider. Hjellvikkrinsen låg i Hosanger Skipreide som omfatta sørsida av Osterfjorden, Eidsfjorden og ein god del av Eksingedalen.

*KALMARKRIGEN 1611-1613

Denne krigen kom som følge av svenske angrep frå aust og sør. I fylgje Ørnulf Hodne i boka «For Konge og Fedreland» vart 2000 soldatar frå Trøndelag utskrivne til forsvar for Midt-Norge, medan 6000 soldatar frå Vest- og Østlandet vart utskrivne for å møta svenske angrep på norsk-danske Bohuslen i sør. 

    Hodne skriv vidare at av dei 2500 østlendingane som møtte opp ved Svinesund var det 1495 som gjorde mytteri. Etter å ha truga med å skyta befalet skal då heile kompani ha avmarsjert frå leirplassen ‘med flygande faner og klingande spel’. Og då soldatane frå Vestlandet meldte sin ankomst seinare gjekk det heller ikkje mange dagane før dei òg rømte. Grunnen kan ha vore ein generell uvilje mot det danske maktapparatet.

    Kva Halvor Tirevoll og dei andre 7 utskrivne frå Hjellvikkrinsen gjorde i dei kaotiske tilstandane som må ha herska ved Svinesund i 1611 skulle vore artig å visst. Ifylgje Geir Kleiveland vart 11 av dei 108 soldatane frå Osterøy bøtelagde for å ha stukke av. Men uansett: krigen enda i alle fall med at svenskane måtte oppgje ambisjonane sine om å erobra land i Danmark-Noreg. Grensene etter krigen vart verande som før.