LOKALHISTORIE FRÅ HJELLVIKKRINSEN PÅ OSTERØY

KLYNGETUNA FORSVINN

Det siste store trinnet i betringa av jordbruket var utskiftingane, fyrst av innmark og deretter av utmark. Ein tabell for det fyrste, då husa vart flytta, er vist under (årstala er henta frå karta over utskiftingningane):

9. MOSEVOLLFAMILIEN, GENERASJON 1

Etter at Kari Nilsdtr. Tirevoll hadde gifta seg med Baste Larsen Mosevoll i 1886, flytta dei inn på garden til Bastes far, Lars Bestesen, som hadde vore enkemann sidan 1879. Dei to husa som høyrde til Mosevoll låg då i klyngetunet på Søre Mjelstad. I 1889 vart det halde utskifting her og då vart desse husa flytta sørover, dit dei står i dag. I 1890 fekk så Baste skøyte på den utskifta farsgarden. 

Men så skjedde altså det i 1893 at Ole, Karis bror på Tirevoll, flytta med heile familien sin, etterlatande Kristi, den 75-årige mora deira, som hadde vorte enke året før, åleine tilbake. Då måtte Baste og Kari ta med seg dei 6 borna sine på 1-7 år og flytta dit for å overta drifta. På den andre sida sat då Bastes gamle far att på Mosevoll med berre Kari’s syster, Synneva, til å hjelpa seg.

I laupet av dei neste åra vart Tirevoll ramma av tre dødsfall: Dei fyrste to skjedde i 1896 då Kristi og Andrea, Karis 10-årige dotter, døydde med seks dagars mellomrom, sistnemnde av hjernebetennelse. I 1897 var det så Karis ugifte søster Synneva, då heimkomen frå Mosevoll, som døydde av magekreft. Men tomromma etter dei døde vart i same perioden fylte med tre nye sjeler, nemleg dei tre siste borna til Baste og Kari: Karolina i 1894, Andreas i 1896 og Synneva i 1898. I høve familien si doble gravferd i 1896 og dåp same dag av Andreas, kom Kari sin bror, utvandraren Anders, heim att frå Amerika for å delta, men skal då fyrst ha kome fram til kyrkja straks etter at mora var komen i grava.

Ved hundreårsskiftet var talet på born i Karis familie (minus ho som døydde) kome opp i 8. Folketeljinga for 1900 viser dessutan at borna ANNA MARIA (13) og NILS (11), no var flytta inn på Mosevoll for å hjelpa farfaren deira. Resten av borna, LARS (12), KRISTIAN (9), AGATHE (8), KAROLINA (6), ANDREAS (4) og SYNNEVA (2) - budde framleis på Tirevoll.

Ved neste folketeljing, i 1910, er fordelinga av borna endra. No er det berre to av borna som er att på Tirevoll – Karolina og Andreas – medan tre bur på Mosevoll – Nils, Agathe og Synneva. Dei tre andra har nemleg no forlete bygda: LARS hadde i 1905, berre 17 år gamal, reist til USA og skulle med tida få seg ein stor familie der. ANNA MARIA hadde byrja i teneste på husmannsplassen i Hestdalen nær Brakvatne der ho seinare, i 1912, gifta seg med enkemannen Johan Martin Andersen. Den tredje, KRISTIAN, hadde reist til Bergen og vart etter kvart handelsbetjent der. Etter 1910 hamna KAROLINA òg i Bergen der ho fekk seg diverse tenarstillingar – og, ikkje minst, dottera ANNY i 1914. 

Same året som Anny vart fødd i Bergen døydde oldefaren Lars på Mosevoll. Dermed måtte endå ei omstokking til av personane som var att på dei to heimegardane. Det enda med at foreldra – Baste og Kari – no tok over på Mosevoll, assistert av Agathe og Andreas, medan sonen Nils bytte plass med dei på Tirevoll og fekk med seg søstera Synneva og den 9-årige stesonen til Anna Maria i Hestdalen, Ole Johansen Valestrand. Ved sida av å hjelpa Nils på Tirevoll tok han då dei 5 siste skuleåra sine på Hjellvik.

Slik hadde det seg altså at Nils vart den som til slutt hamna på Tirevoll. På Mosevoll vart Agathe og Andreas samstundes 'fosterforeldre' for Anny, Karolinas barn – ei jente som seinare skulle bli til kjærkomen hjelp for Nils på Tirevoll…