LOKALHISTORIE FRÅ HJELLVIKKRINSEN PÅ OSTERØY

7. LAVIKSLEKTA, GENERASJON 3

Anders Andersen Tirevoll (3) må ha hatt eit besøksforhold til dei to Sandviksgardane på Lindås som systera Gjertrud hadde gifta seg inn i, bruk 2 i 1817 og bruk 1 i 1823. På det siste bruket budde nemleg Synneve Andersdotter Sandvik som han gifta seg med i 1827.

ANDERS 3 hadde som sagt overteke Tirevollsgarden i 1822 og i og med giftarmålet med SYNNEVE i 1827 hadde han følgeleg håp om å få seg familie han òg. Men då Synneve døydde i 1839, berre 42 år gamal, var han framleis barnlaus. Han gifta seg då opp att i 1841, 47 år gamal, med den 38-årige Brita Hansdotter Hageseter frå nabobygda til Sandvik, men no var det han som døydde, og det berre ein månad etter giftarmålet! Brita fann seg då ein ny mann, Ole Nilsen Mulen, og etter at dei gifta seg i 1846 busette dei seg på Mulen austom Bjørsvik. 

I laupet av Anders si korte levetid steig folketalet i Hjellvikkrinsen sterkt (spesielt i tida 1815–1845). Frå folketeljinga i 1801 til den i 1865 auka det frå 189 til 324. På gardane Raknes, Håland og Byrkjeland vart det meir enn fordobla. På Osterøy og i landet elles skjedde ein liknande auke*. Anders 3 var altså ikkje mellom dei som bidrog her.

Dermed vart det NILS, den einaste attverande sonen, som måtte trø til. Lagleg til på nabogarden Dale var det då ei tenestejente som heitte KRISTI OLSDTR. MYKING. Ho var den siste av fem born som levde opp (av 10) på eit bruk på Myking lenger inne på øya. Dei gifta seg i 1842 og her kom det born i fleng. Av dei 11 borna deira døydde 4 før 1-års alder, 2 som unge, medan 5 vart vaksne. Kort gjennomgang:

SYNNEVE, f. 1842, vart tenestejente på garden og døydde ugift her i 1897. Dei to neste, KARI f. 1844 og ANDERS f. 1845, døydde 9 og 23 år gamle. Så fylgde fire som døydde i fødeåret og etter dei igjen kom fire som levde opp: Dei to fyrste var Ole og Anders: Av desse vart ANDERS, f. 1854, tømmermann/sjømann og hamna i USA, medan OLE, f. 1852, vart den som, etter at han hadde gifta seg med Bergit Maria Valde, så smått byrja å ta over gardsdrifta og seinare sjølve garden (sjå neste). Dei to siste var så Kari og Agate. Av desse døydde AGATE, f. 1859, 16 år gamal, medan KARI, f. 1857, gifta seg med Baste Larsen Mosevoll og flytta til bruk 1 på Mosevoll med han. Dette paret kjem eg tilbake til (i del 9) ettersom det var dei som i 1893 overtok Tirevoll etter Ole og Bergit Maria.

SKIPREIDENE VERT 
AVLØYSTE AV KOMMUNAR OG KOMMUNALE 
LENSMANNSDISTRIKT

I 1837 oppstod Hamre og Hosanger kommunar frå tilsvarande sokn i Hosanger skipreide og frå 1853 vart lensmannsdistrikta justerte slik at dei overlappa med dei nye kommunane.

OVERGANG TIL LEMSTOVER, SPESIELT ETTER 1820

Frå siste del av 1700-talet, etter at folk hadde byrja å setja inn jarnomnar, skorstein og vindauger i husa, byrja dei etter kvart også å byggja inn lemmar over stovaromma. Denne utviklinga skaut, i fylgje Osterøy Bygdebok, fart frå 1820-åra, og frå 1830-åra byrja det òg å verta vanleg med kjellar under husa.

*FOLKEAUKE  Arrow Right  OVERLEVINGSKRISE  Arrow Right  NYTENKING NEDANFRÅ…

Ein tilsvarande folkeauke som i Hjellvikkrinsen skjedde på heile øya, og grunnen til dette var, ifylgje Osterøy Bygdebok, betre amming av borna, eit stort fødselsoverskot mellom 1815 og 1845 og det at Bergen ikkje kunne ta imot fleire innflyttarar. Fyrst då 5 fabrikkar kom opp på og kring Osterøy mellom 1846 og 1871 byrja folk som fekk jobb der å flytta til fabrikkstadane slik at veksten andre stader minka.

      Denne store folkeauken skapte etter 1850 ei overlevingskrise både for menneska og naturen dei levde av. Folk vart tvungne til både (1) å finna nye, meir naturvenlege og fruktbare måtar å driva jordbruk på, og (2) måtar å overleva på som ikkje direkte utnytta og belasta naturen. Det fyrste opna då for alle dei nye framstega i jordbruket som alt var innførte så vel som alle som skulle koma etter kvart, inkludert utskiftinga av klyngetuna; det andre opna for alle dei alternative måtane å brødfø seg på som var basert på det å produsera ting for sal, dvs. det sokalla mangesysleriet – kimen til framtidas lokale småindustri.

… KOMBINERT MED FRIGJERING OG FOLKESTYRE INNFØRT OVANFRÅ

På eit langt høgare nivå av samfunnet starta samtidig ei anna utvikling, ei som med tida også skulle trengja endrande ned til grasrota av sammfunnet. Det byrja med at Noreg lausreiv seg frå Danmark i og med ei ny grunnlov i 1814. Embetsmannsstyret vart som følge av denne lova snart avløyst av eit folkestyre, ei regjering vald av folket. Den nye regjeringa vedtok så i 1837 formannskapslovene, lova for  kommunane. Desse skulle no overlappa med prestegjelda og, liksom regjeringa, baserast på frie val. Dei fyrste kommunale vala vart haldne allereie same året.