LOKALHISTORIE FRÅ HJELLVIKKRINSEN PÅ OSTERØY
4. Familien frå Eidsnes
(Ole, Magdeli)
ELDSNESET FREDLYST
Året då Ole Rasmussen døydde var òg året då folka på Raknes og Hjellvik gjekk saman om å fredlysa Eldsneset, staden der Tirevollsryggen (grensa mellom bygdene) møter Osterfjorden der vidsynet er som størst. Avgjerda vart tinglyst på Hausttinget i 1749.
OLE RASMUSSEN kom opphavleg frå Indre Eknes, men tok namnet Indre Eidsnes då han i 1722, 33 år gamal, gifta seg med TURI, ei 46-årig enke her. Med ho fekk han VEMUND som i 1742 gifta seg med ei enke på Eikefet som det året hadde misst både mann og 4 born. Då Turi døydde på Indre Eidsnes i 1730 hadde Ole, no 41, gifta seg opp att med den 24-årige MAGDELI MONSDTR. HEGGERTVEIT. To av dei åtte borna dei fekk på Indre Eidsnes døydde i fødeåret. Resten fylgde med til Tirevoll i 1748.
Men livet deira på fjellgarden fekk ein vanskeleg start då Ole døydde etter berre 1 år. Sidan kvinnene på denne tida ikkje var myndige måtte då Magdelis bror, Lars, m. fl. på Øvre Raknes fungera som verjer for Magdeli og borna som tydelegvis, trass i Oles død, ville driva garden vidare – noko dei då også gjorde i fleire år. Men så, i 1756, døydde INGEBORG, den nesteldste jenta, berre 21 år gamal…
Det enda med at bruket i 1759 vart seld til nygifte Anders Olavsen Lavik frå Eksingedalen og kona hans, Anna (sjå neste for meir om dei) mot at Magdeli og dei attlevande fem borna fekk ein slags kåravtale på Tirevoll etter eigarskiftet.
Året etter kom så eit uekte barn til verda mellom kårfolket. TURI, den eldste jenta, fødde då, 28 år gamal, ei jente ho kalla INGEBORG etter den døde systera. Faren var den 22-årige Jakob Bergesen frå Øvre Raknes, ein konfirmant som, då saka kom opp under sommartinget, innrømma alt, men «tilstoed hvercken under Løfte at Ville egte hende eller fremdeles at blive Ved hende». På neste ting fall så dommen: i tillegg til å skrifta og betala store bøter, måtte dei begge sona minst 1/2 år på tukthus.*
Når det gjeld den vidare lagnaden til Magdeli og borna er det ingenting notert om Turi, det uekte barnet hennar og søstera ANNA. Ei anna søster, BRITA, døydde 31 år gamal på Tirevoll i 1775. Yngstejenta MARIA vart gift med Nils Hansen Jordal på Jordal i Lindås i 1783, fekk 2 born med han og døydde der i 1802. Broren LARS vart gift med Marta Ellingsdtr. Bysheim i 1770 og dei overtok i 1772 ein gard på Sætre i Lindås. Då Lars døydde der i 1777, berre 29 år gamal og barnlaus, ser det ut til at mora Magdeli arva ein part i dette bruket. Ho flytta i alle fall dit frå Tirevoll same året og døydde sjølv der i 1785.
Dei yngste borna til Magdeli var dei fyrste frå Tirevoll som måtte gå på skule. I 1750 vart nemleg omgangsskulen starta opp i Hamre prestegjeld (jamfør margnotat).
OMGANGSSKULESTART
I 1750 vert omgangsskulen starta opp i Hamre prestegjeld som førebuing til konfirmasjonen innført i 1739. Her vert det 2 skuledistrikt med 1 lærar i kvart: Eitt nord og eitt sør for fjorden.
Skuledistriktet sør for fjorden får 4 skulekrinsar: 1: Raknes, Dale, Tirevoll, Børtveit, Håland, Hjellvik, Byrkjeland. 2: Tepstad, Mjelstad, Mosevoll, Horsås, Tveiten, Bleikli, Hustruli, Sandalen. 3+4: Resten av Hamre- og Valestrandbygdene. Læraren forflytta seg både mellom krinsane og mellom gardar i same krins. I det siste tilfellet må alle borna i krinsen fylgja han.
Med så mange krinser på berre ein lærar vart det berre 42–48 dagar skule pr. år pr. barn.