LOKALHISTORIE FRÅ HJELLVIKKRINSEN PÅ OSTERØY
8. Lavikslekta, gen. 4
(Ole Nilsen)
FOLKESTYRET SET STØRRE
KRAV TIL FOLKS ÅLMENNKUNNSKAP
Nils Tirevoll m/born og barneborn opplevde, i tillegg til all anna utvikling, også korleis skulen endra seg i laupet av 1800-talet.
Det at Noreg no hadde etablert seg som sjølvstendig stat (om enn i union med Sverige), med regjering og kommunar som skulle veljast av folket, sette nye krav til folks ålmenkunnskap. For dei vaksne vart det dermed no, i dei nystarta kommunane Haus, Hamre og Hosanger, oppretta boksamlingar og leseselskap. Når det gjeld borna valde ein gå via ei oppgradering av den eksisterande skulen. I laupet av 1800-talet kom såleis 3 nye skulelover som, saman med opprettinga av lærarseminar i alle 5 bispedøma, skulle gjera komande generasjonar til gode bidragsytarar i det nye folkestyret:
SKULELOVA AV 1827 er meir som ei innskjerping av 1750-lova med klåre minstekrav. Moralisering prega då skulen meir enn opplysning. Fag: Kr.dom, lesing, skriving, rekning (med mindre vekt på dei 2 siste). Det som før vart kalla krinsar vert no kalla roder (der skulen, som før, går på omgang mellom gardane). Elles kjem no krav om minst ein fast skule pr. skuledistrikt + ca. 60 dagar skule pr. år (mot 42–48 dagar før).
SKULELOVA AV 1860 var utslag av ei pedagogisk nyorientering: Opplysning vert no viktigare enn moralisering. Nye fag: Norsk og historie. Skriving og rekning vert viktigare + ei ny, meir ‘verdsleg’ lesebok. Skulekrinsane vart justerte. Ved over 30 born i ein krins måtte krinsen no ha fast skule (Resultat: landet får 900 nye skulehus neste 6 åra). Minst 72 skuledagar pr. år (54 skuledagar v/delt skule). Om skulevegen er lang kan dei minste få nærskule.
SKULELOVA AV 1889 skaper den nasjonale folkeskulen – ein grunnskule for alle. Nye fag: samfunnslære, geografi, naturfag og, om mogleg, kroppsøving, handarbeid, teikning. Den delte skulen (småskule + storskule) skal no vera den primære. Skuletid: 72 skuledagar men mogleg å auka til 90 + lovfesta statsbidrag til ein ny 1-6 månaders framhaldsskule.
Etter at OLE på eit eller anna vis møtte og vart kjent med BERGIT og dei hadde gifta seg i 1875 dreiv dei Tirevoll saman med Oles foreldre, NILS og KRISTI, og Oles søstre, SYNNEVA og KARI (av dei andre 8 syskena var det no berre ein att i live – ANDERS i USA). I 1884 fekk så Ole skøyte på garden. To år etter gifta søstera Kari seg med Baste Larsen Mosevoll og flytta heim til han på Mosevoll. Her fekk dei så 6 barn mellom 1886 og 1893. Ole var elles den fyrste formannen i krinstilsynet i Raknes skulekrins og er omtala nokre gonger av Østerbø i boka Skulekrinsen Hjellvik.*
Av dei 5 borna Ole og Bergit fekk på Tirevoll var det 3 som døydde i fødeåret. Dei to som levde opp var ANDERS f. 1876 og NILS f. 1887. I tillegg fekk den 26 år gamle tenestejenta på garden, Brita Andersdtr. Burkeland, ein gut i 1891 som ho kalla OLIVER. Ingen frå Tirevoll var mellom fadrane under dåpen, men tre dagar før hadde Ole vore hjå presten og innrømma farskapet. Det at Brita kalla guten Oliver var vel òg ein måte å antyda dette på. Guten vart då også seinare innlemma i Oles familie.
I 1893 braut så Ole og familien opp frå garden og bygda og reiste bort. Kan det umoralske som hadde skjedd gjort det problematisk for Ole å leva vidare i bygda, tru? I 1895 finn me familien att på ein gard i Fyllingsdalen, og i folketeljinga for 1900 er dei registrerte på Flesland der Ole og sonen Anders no forsyrgjer familien som fyrarar ved Bergen Glasverk. I 1910 har familien (no minus Oliver) kjøpt kornmølla på Flesland (biletet under) og ser ut til å driva ho som ei familiebedrift. Men etter at Ole og Bergit fekk lungebetennelse her og døydde med få dagars mellomrom i 1916 var det sønene Anders og Nils som overtok mølla.
Denne mølla var viktig ikkje berre for ein stor del av Fana, men òg for folket på Sund på Sotra, tvers over fjorden frå Flesland, og ho var i bruk til godt inn på 1940-talet. Det var då òg mellom kundane frå Sund at sønene fann sine koner. I 1920-folketeljinga er Nils registrert som eineeigar av mølla og gift 1916 med HERBORG BØRNES frå Sund. Ho skal ha drive butikk ved sida av mølleverksemda. Paret fekk ingen barn. Det må ha vore denne Nils som vart kjent som "den siste møllaren på Flesland" og ikkje faren slik Thowsen & Garmannslund skriv i boka «Fana – slik det engang var» (som biletet over er henta frå). Dessutan døydde Nils i 1939 og Herborg i 1940, så under krigen, då kjøpekorn vart mangelvare og mølla kom i drift att, må det ha vore andre som dreiv ho.
Når det gjeld Anders, broren, så vart han i 1914 gift med KARI SOFIE J. SANGOLT frå Sund og er i 1920 registrert på Flesland med to søner, OLA og JOHANNES KONRAD, og som "arbeider i mængbod". Han miste kona si allereie i 1929 og døydde sjølv i 1937.
Halvbroren OLIVER ser ut til å ha gått sin eigen veg før 1910 ein gong. Han byrja som urmakarsvein i Bergen og vart her, i 1916, gift med ANNA BAKKEN frå Brøttum i Ringsaker. I 1920 er dei registrerte som buande i Gjøvik der Oliver døydde 60 år gamal i 1951.
Då Ole m/fam. flytta til Fana i 1893 var det søstera Kari og mannen hennar, Baste Larsen Mosevoll, som overtok drifta av Tirevollsgarden ...