LOKALHISTORIE FRÅ HJELLVIKKRINSEN PÅ OSTERØY

DET NYTTIGE SELSKAP
vart stifta i Bergen i 1774 for å hjelpa fram næringslivet og fremma forbetringar innan jordbruket. Inspirert av deira verksemd byrja m. a. nokre bønder på Osterøy no å grøfta og rydda ny jord (det vart fyrst frå ca. 1860 at dette byrja å verta vanleg på gardane). I 1790 vart Ole J. Storset på bruk B på Hjellvik premiert fordi han hadde lært folk i Skånevik å fiska laks.

‘STRILEKRIGEN’ I BERGEN
Ekstraskatten innført i 1762 innebar ca. 50 % auke i skatten for ein normal familie, noko som førte til aksjonar frå heile strilelandet våren 1765. Fyrst var det 200 bønder som samla seg utafor det gamle rådhuset i Bergen for å levera klageskriv. Men då innkrevinga etter dette likevel heldt fram som før vart flokken seinare på våren 10-dobla og sette så pass fysisk og psykisk støkk i amtmannen og futen at dei byrja å betala dei tilbake der og då. Men seinare måtte dette betalast inn att. Etter kvart vart likevel krava mildna og i 1772 vart skatten fjerna og skulda ettergjeven.

5. LAVIKSLEKTA, GENERASJON 1

Anders Olavsen Lavik var altså mannen som i 1759 tok over ansvaret for drifta på Tirevoll etter Magdeli. Med dette innleia han den siste, lange slektslina på Tirevoll, den lina som i det 6. leddet skulle enda opp med Nils Bastesen, den siste tirevollsbonden. 

ANDERS OLAVSEN LAVIK var nr. 9 av 11 born (5 av dei døydde tidleg) på bruk 4 på Lavik i Eksingedalen. I 1759, 27 år gamal, gifta han seg med den 23 år gamle ANNA ANDERSDTR. NÅMDAL frå bruk 2 på Nåmdal i Modalen (over fjellet frå Lavik). Same året kjøpte dei Tirevoll.

Det var  Magdelis verjer, broren Lars Monsen Raknes m. fl. som i mai 1759 gav Anders skøyte på Tirevoll, eit skøyte som altså då inneheldt ein slags kåravtale for Eidsnes-familien. Fyrst 18 år seinare, to år etter at det nye paret hadde fått alle sine 6 born, flytta Magdeli, truleg som den siste av kårfolka, frå Tirevoll. Av dei 8 borna hennar var det då 2 som hadde døydd på Indre Eidsnes og 2 på Tirevoll. Av dei andre var det 2 som vart bortgifte (i 1770 og 1783) og 2 som fekk ukjent lagnad.

Når det så gjeld det nye eigarparet frå Lavik så dreiv Anders Olavsen garden fram til 1793 (dei siste 2 åra som enkemann). Då tok eldstesonen over drifta og faren vart «husmann utan jord» her fram til han døydde i 1809. Nedanfor fylgjer ei oversikt over liva til dei 6 borna han fekk med kona Anna på Tirevoll: 

KARI, født 1760, vart i sitt 34. år gift med den 50 år gamle Lars Olsen på bruk B på Børtveit. Dei fekk i 1796 ei jente her, Anna, som døydde berre 9 år gamal. Tre år seinare døydde faren òg, og i 1809 gifta då Kari, no 49, seg opp att med den 21 år yngre Johannes Gregoriussen på bnr. 3 på Tepstad. Seks år seinare døydde så Kari, og dette vart då for mannen hennar det fyrste av fem barnlause ekteskap fylgd av heile fem dødfødde born med Maria, den siste kona hans, før han endeleg, i 1851, fekk seg ein arving – Eli – som kunne halda garden hans i slekta.

ANDERS – me kan heretter kalla han ‘Anders 2’ – gifta seg i 1793, 31 år gamal, med den 9 år yngre Synneva Olsdtr. Hamre og tok, som nemnd, same året over Tirevoll frå ‘Anders 1’. Mellom 1794 og 1815 fekk så dette paret 9 born på Tirevoll (sjå neste for meir om dei).

ANNA vart i 1795, 31 år gamal, gift med Anders Askjelson Bleikli. Dei fekk seg gard på Vatne sør for Seim i 1797. Same året fekk dei Askjel som, seks år etter at Anna døydde i 1814, gifta seg med ei jente på eit anna bruk på Vatne og deretter overtok svigerfaren sitt bruk.

OLE (f. 1767) er ved folketeljinga i 1801, då han var 34 år gamal, registrert på Tirevoll som «national soldat» og same året overtek han bruk D på Eikeland frå Nils Andersen Eikeland. Eitt år etter dette gifter han seg så med den 26-årige dottera hans, Brita. Dei fekk tre born der.

OLE (1) og OLE (2), fødde 1769 og 1775 fekk ikkje leva lenge nokon av dei. Den fyrste døydde 3 år gamal. Den siste, oppattkalla etter den fyrste, døydde i 4-årsalderen.

Ekstraskatten innført i 1762 for å dekkja dansk underskot etter sjuårskrigen i Europa 1756-1763 vart hard ikkje berre for Anders nr. 1 på Tirevoll, men òg for dei 2 bøndene på Horsås. Desse 3 var dei einaste frå krinsen vår som, saman med 48 andre bønder frå skipreidet, vart stevna inn for sumartinget i 1770 for ikkje å ha betalt denne skatten. Her klaga då bøndene seg over si arme råd og manglande skatteevne og fekk då skatten utsett til hausttinget. Men då tida for dette kom var dei ikkje betre stilte, og dei bad då audmjukt om å bli fritekne ekstraskatten. Det enda i staden med at kongen i 1771 tok ein part i kvar av dei 51 skatteskyldige gardane som pant. For Tirevoll sin del utgjorde denne parten 1/12 av eigedomen. Men året etter vart denne skatten ettergjeven og eg går ut frå at Anders 1 og dei andre bøndene då fekk tilbake denne jordeparten.

Sida oppdatert 26. sept. 2025