LOKALHISTORIE FRÅ HJELLVIKKRINSEN PÅ OSTERØY
Nils Bastesen Tirevoll
i vernepliktsuniform
10. Mosevollfam, gen. 2
(Nils Bastesen)
FRÅ FOLKETELJINGA I 1920
Då folketeljaren Einar Johannesen Raknes var oppom Tirevoll i 1920 fann han 5 personar der. Her er noko av det han noterte på personsetlane sine:
BYGGEPROSJEKT CA. 1920
Ut frå gjestane ovafor å døma ser det ut til at Nils hadde eit eller anna prosjekt gåande på garden sin på denne tida, noko han måtte ha fagfolk til å hjelpa seg med. Dette synest å verta bekrefta i «Norske Gardbruk» (1964) sin presentasjon av Tirevoll der dei skriv: «Våningshus, løe og fjøs gml., ombygde ikr. 1920.» (Jf. biletet t. h.).
Kanskje det var då at tømmerveggane på våningshuset fekk bordkledning?
1. NILS BASTESEN
TIREVOLD f. 31. desember 1889, ugift, gardbruker, arbeidsdyktig, fast bosatt her, overnattet her.
2. SYNNEVA BASTESDTR.
TIREVOLL, f. 31. mai 1898, ugift, tenar på gardsbruk, arbeidsdyktig, overnattet her.
3. ANDREAS BASTESEN TIREVOLD, f. 4. april 1896, ugift, tenar på gardsbruk, arbeidsdyktig, ikke bosatt her, bor på Mosevold, overnattet her.
4. INGVALD OLSEN HJELVIK, f. 11. november 1877, gift, gardsbruker, arbeidsdyktig, amerikaopphold: 1903-1911, losjerende med full kost, bor på Hjelvik, overnattet her.
5. OLE OLSEN HJELVIK,
f. 25. juli 1878, gift, bygningsarbeider, bierhverv: laksefiske, ikke bosatt her, losjerende med full kost, bor på Hjelvik, overnattet her.
Nils sine hjelparar på Tirevoll var båe unge. I 1914 var Ole 9 år og Synneva 16. Nils fylte dette året 25 så det var nok han som måtte ta dei tyngste taka i drifta. Det seiest då òg at han vart ein uvanleg sterk mann, noko som ikkje er så rart i og med all bæringa opp og ned bratte lier som fylgde med livet her oppe. Kvar dag måtte han f.eks. til meieriet på Hjellvik for å levera mjølka. Då hende det nok av og til at han òg traff på den dama han potensielt kunne ha fått som kone (om ryktet er rett), nemleg Marta Olsdtr. Hjelvik, tenestejenta til handelsmannen. Men lagnaden ville det ansleis og både han og ho vart verande ugifte livet ut.
Etter at Ole frå Hestdalen avslutta skulen på Hjellvik i 1919, fekk han seg jobb på Valestrand og flytta dermed heim att. I 1921 byrja så Anny skulegangen sin på Hjellvik, og då Synneva 2-3 år seinare reiste frå Tirevoll for å jobba i Bergen var det Anny som etter kvart byrja å hjelpa onkelen på Tirevoll. I 1924 vart garden også offisielt hans i og med skøytet Baste då skreiv ut til han. Skøytet inneheld eit vilkår om kår for foreldra, og i dette høvet skreiv Nils òg ut eit kårbrev til Kari og Baste der dei vart tilbydde ei av huset sine to stover og alt dei elles måtte trengja til livsopphald – eit tilbod dei likevel ser ut til ikkje å ha nytta seg av.
LITT OM KORLEIS DET GJEKK MED NILS NÆRASTE SLEKTNINGAR
Når det gjeld systera SYNNEVA så vart altså ho òg Bergensar til slutt, liksom syskena Kristian og Karolina som båe hadde gifta seg og fått familiar der: KRISTIAN med Louise Myklebust i 1918 m/2 born; KAROLINA med Bernhard Andersen i 1925 m/3 born (forutan Anny). Synneva vart derimot ikkje gift – anna enn med jobben sin: I 1951 fekk ho ifylgje ein notis i Bergens Tidende diplom og medalje frå Det Kongelige Selskap for Norges Vel for lang og tru teneste (25 år) hjå "Frøknene Müller, Paradis". Ho døydde i Bergen i 1987 og vart gravlagd på Møllendal.
Etter at skulen var over for ANNY i 1928 har eg inntrykk av at ho fortsette å bu på Mosevoll med Andreas og Agathe samstundes som ho relativt ofte var oppom Nils og hjelpte til der. Men dette vart det slutt på då ho i 1936, 22 år gamal, gifta seg med Anders Johansen Valestrand, steson til tanta Anna Maria i Hestdalen og bror til Ole som hadde tent på Tirevoll tidlegare. I 1945 vart det så Anders og Anny som overtok i Hestdalen.
Etter 1930 lakka det mot slutten for Nils sine foreldre på Mosevoll. Dei døydde med eitt års mellomrom, i 1933 og 1934, fyrst BASTE og så KARI. Mosevollsgarden gjekk då i arv til borna deira, men i praksis må det ha vore ANDREAS og AGATHE som heldt fram med drifta.
NILS’ EINEBUARTILVÆRE PÅ TIREVOLL ETTER 1936
Etter at Anny flytta må Nils dermed ha vorte mykje åleine på Tirevoll. Men sjølv om han ikkje lenger hadde fast hjelp har eg inntrykk av at folk frå dei næraste bygdene var snare til å gje han ei hand om det trongs. Sverre Børtveit (f. 1919) og Alf Birkeland på Dale (f. 1920) har i alle fall fortalt til HjellvikNytt at dei hjelpte han mykje i sine unge år. Sverre seier f.eks. at «Eg var hos han og sette poteter og hausta potetene, og eg hjelpte han med bærplukking i ei årrekkje».
Ein annan som var oppom og gjorde tilværet litt lysare var elektrikar Fredrick Fick som i 1953 la inn straum og lampar etter at kabelen var ført fram. Fick skriv om dette i Hjellvik-Nytt nr. 4/2006. Her går det fram at Nils var skeptisk til det å ha lys ved senga på lemmen i tillegg til taklyset, men han let seg til slutt overtala og vart etterpå svært nøgd. Og i matpausane deira skal då Nils til gjengjeld ha opplyst Fick om mangt og mykje frå sitt eige liv og frå gardens historie.
Dette må ha skjedd straks før Hamre-Alversund Branntrygdelag tok over garden 1. januar 1954 sidan snekkar Harald Tepstad, styremedlem i laget, og murar og snekkar Ingolf Mjelstad kom oppom medan Fick jobba med sitt. Dei skulle nemleg då å gjera huset klart for dei nye eigarane. Då alle tre var ferdige med jobbane sine heldt dei, i fylgje Fick, ein felles avslutningsfest med Nils, og ved dette høvet skal Nils, som elles ‘var litt tilbakehalden ovanfor framande’, ha vore i ‘storstrøk’. Sjølv om han var litt sky, kunne han altså sleppa seg laus når han var i godt selskap!
Presentasjon av Tirevoll i bokserien «Norske Gardsbruk» utgjeven 1964.
GARDEN VERT SELD TIL HAMRE-ALVERSUND BRANNTRYGDELAG
I Hamre-Alversund Branntrygdelag sitt 100-års jubileumshefte frå 1969 kan me lesa litt om den einsemda Nils truleg òg må ha følt i åra før han til slutt valde å selja garden: «Dagane gjekk i onn og arbeid. Hest, ku og sau fekk sitt stell og mannen sjølv åt sine enkle måltid og gjekk til ro når det kvelda. Ingen var det å snakka med, ingen til å hyggja seg i lag med og ingen var å venta til helg eller høgtid. So gjekk åra og mannen vart gamal. Ein dag spurdest det nede i bygda at garden var til sals.»
Grunnen til at branntrygdelaget då fatta interesse for garden må, ut frå det dei skriv i heftet, ha vore at dei her såg høve til å planta skog som «ein gong skal verta til husvyrke for ungt folk i bygdene». Den 14. oktober 1952 kom der så eit tremanns styreutval for å sjå seg om på Tirevoll. Ein kjøpesum på 12 000 kroner vart då nemnd. Etter at saka på nytt var oppe på styremøte og årsmøte i laget vart så avgjerd teken om å kjøpa garden. Landbruksdepartementet skal, ifylgje jubileumsboka, ha gjeve konsesjon for kjøp den 6. november 1953. «Og med det», avsluttar dei, «var garden Tirevoll, gnr. 37, bnr. 1 av Hamre herad komen i Branntrygdelaget si eige».