LOKALHISTORIE FRÅ HJELLVIKKRINSEN PÅ OSTERØY
3. Anders Kristoffersen
Oppheim
I fylgje Gardssoge for Oppheim Sokn hadde denne Anders fått hand om heile bnr. 3 på Oppheim i 1734. Den neste eigaren av bnr. 3 var ein Torstein Arneson Bidne som i 1760 selde bruket vidare att. Kva tid Anders selde det til Torstein er ikkje oppgjeve, men det kan ha vore før 1743, året då ein med dette namnet bygsla Tirevoll. Både Anders sitt 7. barn i 1740 og det 8. i 1749 vart fødde på Oppheim, så etter opphaldet på Tirevoll må då Anders ha vendt tilbake til heimbygda. Seinare ser det ut til at familien flytta derifrå. I Ættebok for Vossestrand les me nemleg at «dei er truleg flytte til Bolstad i Evanger» og at «Brita døydde på Skorve, Evanger».
Dersom denne Anders Kristoffersen Oppheim selde farsgarden sin på Oppheim før 1743 kan det vera at han var på jakt etter ein ny gard for familien og valde å byksla på Tirevoll. I november året etter fekk han så skøyte på garden av eigaren, Michel Steen, og med dette vart han då også den fyrste sjølveigaren på Tirevoll*. Men så sel han altså garden att berre 4 år etter gardskjøpet.
Kanskje det var meininga at kona og ungane òg skulle koma hit etter kvart, men at noko så kom i vegen? Kanskje det oppstod usemje om det å flytta hit, eller at familien hans på Oppheim hadde kome i så stor skuld at han måtte selja av den grunn?
Uansett kva grunnen kan ha vore: Han som då, i 1748, kjøpte Tirevoll frå Anders heitte Ole Rasmussen Indre Eidsnes og kom frå nordsida av Osterfjorden.
RØYKOMNSTOVA ER DEN VANLEGE HUSTYPEN PÅ
DENNE TIDA
Denne hustypen hadde på 1500-talet byrja å overta for årestova. Det nye her var at ein steinovn i eine hjørna hadde kome i stadan for den åpne eldstaden i midten. Men ljoren i taket var, som før, både skorstein og einaste lyskjelda i husa. Fordelen med røykomnen var at steinane heldt betre på varmen slik at ein sparte vêd og fekk ein meir stabil innetemperatur.
Opplysningana om kona og borna er henta frå «Voss Bygdebok – Ættebok for Vossestrand», medan bornas fødestadar er funne ved søk på Digitalarkivet.
Ingen av
desse er registrerte
på Tirevoll.