LOKALHISTORIE FRÅ HJELLVIKKRINSEN PÅ OSTERØY

ETTERORD 2

‍Tirevoll i Osterøy kommune si eige

‍Det var altså i 1990 at Osterøy kommune kjøpte Tirevoll frå branntrygdelaget (som då var eigd av Gjensidige). Frå då av byrja kommunen å samarbeida med Grendatinget for Hjellvikkrinsen, etablert same året, om det sokalla «Tirevollsprosjektet». 

I juni 1990 vart det i denne samanhengen arrangert ei synfaring på Tirevoll der den lokale skulen og Grendatinget, saman med utsendingar frå fylkeskonservatoren, Osterøy kommune og Osterøy museum, stilte. Takka være stor interesse og engasjement frå alle partar fylgd av innsending av søknader om økonomisk støtte, byrja det no å koma inn midlar frå private og offentlege organ som gjorde det mogleg å setja i gong ei større restaurering av husa på Tirevoll. Det var spesielt løa som då fekk seg ei høgst nødvendig oppjustering. Under fagleg leiing av Rune Revheim frå Osterøy Museum, vart dette arbeidet fullført hausten 1991. 

To år seinare hadde samarbeidet mellom kommunen og krinsen kome over i meir faste former i og med etableringa av eit «Hovudstyre for Tirevoll» (med 3 mann frå kommunen og 2 frå bygda) og eit underordna «Husstyre for Tirevoll» (med 5 frå bygda).

Etterord 2
(Osterøy Kommune)

UTDRAG FRÅ OSTERØY 
KOMMUNE SIN 
FORVALTNINGSPLAN FOR 
TIREVOLL (1994)


«Tirevollsområdet har vore eit populært turmål heile tida etter at gardsdrifta vart nedlagt kring 1960. Dei rekreative kvalitetane ligg fyrst og fremst i stille og rolege omgjevnader og i utsikt. Tirevoll bør bevarast som ein ‘veglaus’ gard med varsam tilrettelegging for friluftsliv.


Gamle ferdslevegar er dei siste åra rusta opp. Det er i dag tilkomst til garden frå den gamle gangvegen opp frå dalen og frå to andre kantar.


Tiltak: Opparbeida ein ny sti frå sør som knytter Tirevoll til Hauge og Lonevåg og til eit stinett som dekkjer mesteparten av kommunen.»

PÅ JAKT ETTER NY KUNNSKAP OM DEI SOM BUDDE PÅ TIREVOLL

Tirevollsprosjektet dreia seg ikkje berre om vedlikehald. Det handla òg om å få større kunnskap om folka som hadde budd på Tirevoll. Allereide på 1980-talet hadde Anny Valestrand og Olai Mosevoll vorte inviterte av Hjellvik skule til å koma og fortelja om minna deira frå garden. Seinare, i 1997 og 2000, tok Agnar Hjellvik, den dåverande redaktøren av Hjellvik-Nytt (Grendatinget sitt organ), turar heimom til Anny for å høyra meir om erfaringane hennar frå Tirevoll. I samband med dette kom òg nokre gamle Tirevollsbilete fram i dagen (inkl. det ungdomsbiletet av Nils Tirevoll som er vist i Del 10), bilete som no har vorte hengt opp på veggane i huset på Tirevoll (jf. biletsida). Anny har i tillegg, i eit brev til Hjelvik-Nytt (nr. 2, 2001) fortald litt av historien bak nær 30 stadsnamn i Tirevollsmarka som ho hugsar frå då ho var ung. Både skuletimane og dei seinare samtalane skal ha vore tekne opp på lydband og planen var, ifylgje Agnar, at alt dette ein gong skulle skrivast av, setjast inn i ei større ramme og gjevast ut. No døydde Anny i 2002 og dermed var den siste levande kjelda til livet på Tirevoll borte. Men enno er ikkje siste ordet sagt om garden, for, så vidt eg veit, er enno ikkje innhaldet på nemnde lydbånd vorte publisert…

KVERNA OG NAUSTET KNYTT TIL GARDEN

Ifylgje skøytet Baste Mosevoll gav til sonen Nils i 1924 høyrde det då til garden ei kvern på Børtveit og eit naust i Raknesvågen. 

Når det gjeld kverna har eg og ein fetter vore ein tur og leita, og me fann då ei tjukk steinhelle lagt over ein bekk der bekken byrja å renna bratt ned mot Børtveit, og i bratta 10-20 meter nedanfor steinhella var det nokre steinmurar som truleg kan vera restar etter 1 eller 2 kverner. 

Naustet, som var ved å rotna bort i 2016, har no vorte restaurert av Osterøy Turlag som del av ein langtids leigeavtale med kommunen. Laget nyttar no naustet til oppbevaring av kajakkar og alt som høyrer med, og både naustet og innhaldet står til disposisjon for visse grupper og kan leigast ut til andre.

TIREVOLLSGARDEN ETTER ÅR 2000

Når det gjeld det historiske så har eg inntrykk av at det er lite nytt som har kome fram etter Annys død – utanom Fredrik Fick sin interessante artikkel frå 2006 (jf. del 10). Administrativt synest det derimot å ha skjedd ei forskyving av gardsansvaret frå det kommunale hovudstyret til det lokale husstyret ettersom fyrstnemnde ikkje lenger synest å vera særleg aktivt. Slåttedugnader og vedlikehald av bygningar i regi av husstyret har no likevel pågått jevnt og trutt. I åra etter covid har f.eks. huset vorte vaska og malt, løa tjørebreidd og nytt slåtteutstyr kjøpt inn.

Elles fungerer Tirevollsgarden no som før som samlingsstad og knutepunkt for folket i krinsen i ulike samanhengar. Dette gjeld fyrst og fremst dei årlege «Tirevoll over»-arrangementa. I tillegg kjem meir spontane arrangement som innimellom kan verta haldne av ein eller fleire av dei ulike laga i krinsen. 

UTLEIGE AV TIREVOLL TIL OVERNATTING, ARRANGEMENT ETC.

Til sist må det nemnast at Tirevoll framleis er mogleg å få leiga for lag, grupper og private til overnatting og arrangement. Interesserte kan i denne samanhengen henvenda seg til Hjellvik Grendating (Lenka fører til ei ‘Gul side’ der namn og telefonnummer til kontaktpersonen er oppgjeve).

Bilete av tirevollsfolk, bustad og fasilitetar: