LOKALHISTORIE FRÅ HJELLVIKKRINSEN PÅ OSTERØY
2. Iver Olsen og Ole
Vemundsen Vare
Med ANNA fekk Iver ein gut, SÆBJØRN, i 1646. Deretter må truleg ho ha døydd for det neste barnet, ei jente fødd i 1654, vart òg kalla ANNA og må då truleg ha vore fødd av den neste kona, MARTA. Til sist fekk dei så OLE i 1656. Kven som var brukar 1666–1690 er noko uklart då Iver no var i ferd med å verta gamal og der ikkje finns data om sønene etter 1666.
I 1651 vart Iver, saman med 6 andre frå krinsen, stevna av eigaren av gardane for manglande innbetaling av gardsleige (kan ha vore då Iver var utan kone og kanskje hadde ekstra kostnad med hushjelp) og for å betala måtta dei då ro til Hoshovde, tingstaden i Hosanger skipreide. Berre 3 av skyldnarane møtte opp på tinget og mellom dei var Iver med robåten full av betalingmidlar: eit båtlass ved og eit par fuglar.
I 1690 gifta dottera Anna seg med OLE VEMUNDSEN VARE frå Vare ved Storevatnet og med det gjekk bruket over til han. Faren til Ole, Vemund Pedersen Vare, var ofte lagrettemann og vurderingsmann i skipreidet og sonen, no kallande seg Ole Tirevoll, var òg lagrettemann eit par gongar (i 1712 og 1718)*. Men heime på Tirevoll gjekk det dårleg med familieauken og dermed framtidsutsiktene. Etter at gamle Iver døydde i 1692 kom turen til dei tre borna paret fekk mellom 1696 og 1704 – dei døydde alle i det fyrste leveåret deira.
Då så Anna døydde 63 år gamal i 1717 gifta den no 52-årige Ole seg oppatt med den 36 år gamle SYNNEVA ANDERSDTR. GATLAND frå Gatland mellom Mjøsvågen og Fotlandsvågen. Ho vart òg gravid, men også her gjekk det gale: dette barnet døydde allereie i morslivet. Etter dette dreiv paret Tirevoll i vèl 20 år til (medan alle borna deira sikkert må ha spøkt både i hug og heim). Så då Ole døydde 76 år gamal i 1741 og den 59-årige enka hadde halde ut eit par år til måtte garden få ein ny bygslar. Han heitte Anders Kristoffersen Oppheim.
TO MENN HALSHOGNE PÅ
VALESTRAND FUTEGARD I 1643
Jakob Raknes og Nils Birkeland var mellom lagrettemennene som i 1643 vart innkalla til Bergenhus slott (Rosenkranztårnet) for å delta i rettsaka mot to gifte brør frå Hosanger skipreide som hadde hatt samleie med den same ugifte jenta. Dei vart dømde for blodskam og halshogne og brende på futen sin gard på Valestrand (den seinare bullagarden). Det var ved slik høve påbudt for bygdefolket å stilla opp. To ‘skaffarar’ fekk her bøter, den eine fordi han ikkje ville føra brensel til staden, den andre fordi han ikkje ville føra tilskodarar dit.