LOKALHISTORIE FRÅ HJELLVIKKRINSEN PÅ OSTERØY

TURID TIREVOLL OM 
KONTAKTEN DEIRA MED
ONKELEN HENNAR PÅ 
TIREVOLL


Turid Tirevoll f. 1939 var dotter av Karolina og Bernard i Bergen. Nils og familien til Karolina vitja kvarandre ein del. I korrespondanse med meg har ho fortalt litt om den kontakten dei hadde med Nils, onkelen hennar, då ho var ung. Dei minna ho har meiner ho helst må stamma frå tida etter 1953, då Nils ikkje lenger var så bunden til garden og drifta.


Inntrykket ho sit att med av Nils frå besøka hans hjå dei i byen og deira turar til Tirevoll er, skriv ho, at han var «ein veldig snill og tålmodig mann».


Når det gjeld minna frå Tirevoll så fortel ho at alle turane hennar dit i ungdomen var med mora, at faren kanskje berre var med dei èin gong, samt at Nils var flink til å laga mat:

 

«Det eg hugsar med stor glede er det gode smøret som han hadde, og dei fantastisk gode potetene! Og til middag var det alltid sild, kokt! Kor han hadde det gode smøret frå, og korleis han kunne servera fersk (eller bokna-) sild, veit eg ikkje. Kanskje han hadde fiska sjølv, eller at mor tok det med frå byen.»

NILS DØYR PÅ MOSEVOLL

På Mosevoll var det på denne tida ein annan òg som vart sjuk, nemleg Andreas, bror til Nils, og det var han som slokna fyrst. Det skjedde i 1957 då han var 61 år gamal. Systera Agathe ser derimot ut til å ha vore ved ekstra god helse. Ho vart heile 97 år og døydde fyrst i 1989. 

Året etter Andreas bortgang vart Mosevollsgarden seld til naboen Olai Gustavsen Mosevoll. Berre sjølve våningshuset med ein liten jordflekk vart halde att til Agathe og attlevande sysken m/etterkomarar. Og her, på denne flekken, ein av mange liknande flekkar av eit jordbrukssamfunn som no var ved å smuldra bort, var det altså at Nils, den siste bonden på Tirevoll, drog sine siste andedrag, 72 år gamal, i 1961.

ETTERORD 1

Tirevoll i Hamre-Alversund Branntrygdelag si eige

‍Det var altså på slutten av 1953 at Hamre-Alversund Branntrygdelag kjøpte garden av Nils. Dato for overtaking vart sett til 1. januar 1954, og frå då av skulle drifta av garden leggjast om frå ordinær gardsdrift for livsopphald til tømmerproduksjon for bygningsmarknaden. Dermed vart branntrygdelaget involvert i bygging så vel som i trygging av bygningar, noko som på ein måte kan rima.

Med dette var det mest som om garden fekk nytt liv. Skogplanting hadde nemleg vorte sett på som ei god investering for framtida heilt sidan byrjinga av hundreåret – og Nils Tirevoll ser ut til å ha vore positivt innstilt til dette han òg. Ifylgje jubileumsboka frå 1969 skal han nemleg ha teke på seg «å laga gjerde istand for ei rimeleg godtgjersla». Elles vert det her opplyst om at «styremedlem Harald Tepstad skal ha tilsyn med garden og syta for turvande husvøla.» I åra etter kjøpet hadde det, ifylgje boka, vidare «vore arbeidt med anlegg av skogsveg saman med ein av naboane, Nils Brakestad» samt «hogst av bjørkeskog, kjøp av opplagsplass for tømmer og vêd og oppsetjing av løypestreng.»

Og kring gardshuset hadde skogen no, i 1969, byrja å reisa seg: «Eitthundreogåtti tusen granplanter er no i fin vekst på Tirevoll,» seiest det i boka, og «det er god jord i bakkar og lier og veksten er framifrå. Fem-seks meter høge tre finst det alt no mange av, og der er enno plass til fleire». Ove Fossmark hugsar dette planteprosjektet godt. Skuleelevane på Hjellvik tok nemleg del i denne utplantinga på 1950-talet, og Ove var ein av dei. 

OM NILS SIN ROLLE PÅ TIREVOLL ETTER SALET AV GARDEN

Ut frå det som står i jubileumsboka går det fram at Nils fortsette å bu på Tirevoll etter eigarskiftet. Dette må følgeleg ha inngått i kontrakten han underteikna med trygdelaget, men kva posisjon/rettar han no hadde i forhold til laget står det ikkje noko om i boka. I Fredrik Fick sin artikkel (referert i forrige del) kjem det derimot fram at trygdelaget hadde tilsett han som gardsstyrar, noko som då også kan harmonera med det trygdelaget elles skriv om han: 

«Mannen som før hadde ått, såg at det vaks. Men han bar ikkje lenger dei tunge ryggbørene opp og ned lia. Ned i bygda måtte han likevel av og til for å kjøpa det vesle han trong av kaffi og tobakk, smør og brød og kva elles han hadde bruk for. Men suta for garden var borte. Den var no overleten i trygge hender.»

Med løn frå branntrygdelaget og ingen husdyr å ta seg av lenger må livet på Tirevoll no ha vorte relativt bekymringslaust for Nils. Han hadde no meir tid til å vitja slektningar heime og i byen, spesielt Anny i Hestdalen og Karolina i Bergen (jf. margnotat). Elles må han sikkert òg ha bidratt med vedlikehaldet på Tirevoll i samarbeid med Harald Tepstad, samt oppgåver tilknytt den nye driftsmåten der. Èin gong om året kan han dessutan ha fungert som vert og kokk for styret i laget då trygdelaget sine årsmøte, ifylgje jubileumsheftet deira, frå no av vart haldne på Tirevoll. 

Meir enn nokre år i denne stillinga ser det likevel ikkje ut til at Nils fekk. I Fick sin artikkel kan me nemleg lesa at Nils, etter ‘kort tid som gardsstyrar, vart sjuk og flytta til slektningane sine på farsgarden Mosevoll’.

OM BRANNTRYGDELAGET SINE SISTE TIÅR PÅ TIREVOLL

Når det gjeld dei siste tiåra Tirevollsgarden var i branntrygdelaget si eige (1970-1990) så er det ikkje særleg mykje konkret å finna. På 70-talet, då underskrivne enno budde heime (på nordenden av Tirevollsryggen) og av og til tok turar til Tirevoll, kan eg ikkje hugsa å ha sett noko teikn til drift eller skogsarbeid der oppe. Dette kan jo ha vore fordi skogen endå ikkje var mogen for felling. Ei anna mogleg, eller i alle fall medverkande, årsak kan ha vore at branntrygdelaget vaks frå heile skogen …

Parallelt med at skogen vaks i høgda, vaks nemleg branntrygdelaget i breidda: I 1981 gjekk dei saman med Arna og Osterøy Branntrygdelag og danna dermed det større Nordhordland Branntrygdelag. Og fire år etter dette igjen let så dette laget seg oppsluka av giganten Gjensidige Norsk Skadeforsikring (liksom så mange andre lokale trygdelag). Men uansett kor no forholdet var mellom biologisk og organisatorisk vekst: Det som til slutt gjorde slutt på all vidare skogsdrift var at garden i 1990 vart kjøpt opp av Osterøy kommune. Grunnen til dette oppkjøpet var at kommunen med dette ville sikra seg retten til vassuttak frå Dalsvatnet som del av ein plan for å byggja kommunalt vassverk på staden. Ein annan, underordna grunn for kjøpet var høvet som dermed opna seg for allmugen til å kunna nytta delar av eigedomen til ulike bygdeføremål. 

Sida oppdatert 26. september 2025