LOKALHISTORIE FRÅ HJELLVIKKRINSEN PÅ OSTERØY

6. LAVIKSLEKTA, GENERASJON 2

6. Lavikslekta, gen. 2

(Anders nr. 2)

RØYKOMNSTOVA BETRA

I fylgje Osterøy Bygdebok var det i siste del av 1700-talet at ein byrja å setja inn jarnomn og skorstein i røykomnstova. Dette kom som fylgje av eit kongeleg påbod for å få ned talet på husbrannar. Utan ljoren i taket som lyskjelde måtte ein da byrja å byggja inn vindauger i veggene. 

Anders Andersen Tirevoll (nr. 2) gifta seg altså i 1793, 31 år gamal, med den 23 år gamle Synneva Olsdotter Hamre. Ho hadde vakse opp nær Bømoen på Voss, men familien hadde seinare, etter at ho vart konfirmert i 1785, flytta til Hamre. Dei fekk 9 born og dreiv Tirevoll frå 1793 til 1822, då sonen, Anders nr. 3, overtok. Frå 1794 då nr. 3 vart fødd til 1809 då nr. 1 døydde, var der såleis 3 Andersar på Tirevoll. Nr. 2 døydde i 1840 og kona hans fyrst i 1869, 98 år gamal. 

Av dei 9 borna ANDERS 2 og SYNNEVA fekk mellom 1794 og 1815 var det 2 som døydde fødeåret, 2 som døydde før faren, og 5 som overlevde han. Av desse 5 var det 3 jenter, og dei vart bortgifte i 1817, 1834 og 1845. Dei siste 2 var eldste- og yngsteguten: Anders 3 og Nils. Sidan ANDERS 3, odelsguten, døydde barnlaus alt i 1841, vart det då veslebroren NILS som til sist måtte vidareføra slektslina og slektsgarden (+ den etter kvart blinde mora). Men meir om desse 2 i del 7. Her litt om dei andre borna:

GJERTRUD, f. 1796, fann seg menn på dei to bruka på Sandvik i Lindås (litt nordafor Hjelmås). Ho gifta seg fyrst, 21 år gamal, med den 4 år eldre enkemannen Anders Andersen Sandvik på bruk 2, og deretter, året etter at han døydde berre 30 år gamal i 1822, med den 26 årige Sjur Andersen Sandvik på bruk 1. Med den fyrste fekk ho to born. Den eine av desse, Anders f. 1818, vart neste eigar på dette bruket. Og med Sjur fekk ho heile ni born, og ein i denne flokken, Anders f. 1832, vart neste eigar på dette bruket. Ei syster av denne Sjur heitte Synneva og det var ho som i 1927 vart kona til Anders 3 på Tirevoll (jf. neste).

ANNA, f. 1803, oppattkalla etter ei av to systrer som hadde døydd i fødeåra deira, gifta seg 31 år gamal med Nils Johannesen Eikeland på bruk C på Eikeland og, året etter at han døydde i 1847, med Lars Nilsen Eide som då overtok bruket. Ho fekk fem born med Nils, m. a. Johannes som vart neste eigar av bruket.

OLE (1) og OLE (2), f. 1800 og 1806 var truleg oppattkalla etter dei to Ole-gutane som hadde døydd 3 og 4 år gamle i førre generasjon. Denne gongen heldt dei ut litt lenger: Dei vart no 23 og 30 år gamle og er registrerte som ugifte tenestedrengar på Tirevoll.

SIRI, f. 1809, vart i 1845 gift med Lars Karlsen Heggernes på Lindås. I Hamre kyrkjebok er ho registrert som død i barselseng der i 1847. Lars, enkemannen gifta seg då opp att i 1849 med Ingeborg Sjursdtr. Sandvik, ei dotter av Gjertrud, Siri si søster på Sandvik.

NILS, f. 1815, minsteguten, vart altså då den som til sist måtte syrgja for nye skot på Tirevollsgreina, dei fyrste skota herfrå som skulle koma til å bæra – og smaka – den moderne tidas frukter (jf. neste).